Straffansvar for formuesreduksjon før konkurs

Høgsteretts dom 27. juni 2019, HR-2019-1234-A, (sak nr. 19-009758STR-HRET)

A (advokat Oddmund Enoksen), B (advokat Pål Sverre Hernæs), C (advokat Rolf Henning Borge) mot Påtalemyndigheten (statsadvokat Jens Halvard Bachke)

Dommarar: Øie, Møse, Ringnes, Bergh, Høgetveit Berg

Tre personar med ulike roller i insolvente selskap som seinare blei slått konkurs, hadde overført produksjonsteikningar som var nytta i verksemda til eit anna selskap. Dei blei i lagmannsretten domfelte for grov formuesreduksjon. Ankar til Høgsterett over lovbruken førte ikkje fram.

Det som var overført, var kopiar av teikningane. Originalane var i behald, men hadde som følge av overføringa redusert verdi. Høgsterett kom til at straffeføresegna i straffelova 1902 § 283 første ledd bokstav b, som svarer til straffelova 2005 § 404, også rammar verdireduksjon.

Lagmannsretten hadde ikkje tatt stilling til om produksjonsteikningane var eigde av dei insolvente selskapa eller av eit dotterselskap. Dette var ingen feil. Det var tilstrekkeleg for domfelling at overføringa av produksjonsteikningane, dersom dotterselskapet var eigar, var eigna til å redusere verdien av morselskapet sine aksjar i dotterselskapet.

Avgjerda bidrar til å avklare innhaldet i reglane om formuesreduksjon i straffelova.

Les avgjørelsen i sin helhet