Forvaring for ung lovbrytar

Høgsteretts dom 2. mai 2019, HR-2019-832-A, (sak nr. 19-028849STR-HRET), straffesak, anke over dom

Påtalemakta (statsadvokat Tomasz Edsberg) mot A (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg

Ein ungdom som var 17 år og 3 månader gammal på gjerningstida, forsøkte å drepe eit tilfeldig og saklaust offer med i alt 53 knivstikk.

Drapsforsøket, saman med åtferdsmønsteret og den sosiale og personlege funksjonsevna til gjerningspersonen, tilsa at det var ein særleg nærliggande fare for at han på ny ville gjere seg skyldig i alvorlege valdslovbrot. Andre måtar å sørge for samfunnsvernet på enn forvaring fanst ikkje. Dei ordinære vilkåra for å dømme til forvaring var oppfylte, trass i den usikkerheita som kan gjere seg gjeldande når det gjeld farlegheitsvurderinga for unge lovbrytarar.

For å dømme sikta under 18 år til forvaring krevst «helt ekstraordinære omstendigheter». Også dette vilkåret var oppfylt.

Dommen gir rettleiing for bruk av forvaring overfor unge lovbrytarar.

Les heile avgjerda