Habilitet for meddommar i straffesak
Høgsteretts dom 27. juni 2019, HR-2019-1245-A, (sak nr. 19-053595STR-HRET), A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Påtalemakta (fyrstestatsadvokat Jens Olav Sæther)
Dommarar: Endresen, Matheson, Bull, Kallerud, Høgetveit Berg
I ei straffesak om valdtekt vart det ikkje opplyst om at den eine meddommaren var nestleiar i styret i eit krisesenter. Spørsmålet var om dette vervet gjorde meddommaren inhabil til å dømme i saka.
Høgsterett kom samrøystes til at dette ikkje var ein inhabilitetsgrunn. Høgsterett peika særleg på skilnaden frå avgjerda i Rt-2006-1345.
Saka gjev rettleiing i spørsmålet om habilitet som følgjer av styreverv i offentlege organ.