Habiliteten til ein lagdommar

Høgsteretts dom 13. mai 2019, HR-2019-899-A, (sak nr. 19-012694STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot påtalemakta (statsadvokat Benedikte Høgseth)

Dommarar: Øie, Endresen, Noer, Berglund, Høgetveit Berg

Ein lagdommar som hadde behandla ein anke over vidare fengsling, blei funnen inhabil i den etterfølgande ankesaka som følge av utsegner i fengslingsorskurden.

Under ankeforhandlinga i ei straffesak blei det sett fram habilitetsinnvending mot leiaren av retten. Det blei mellom anna gjort gjeldande at lagdommaren ved behandling av ein anke over fengsling på grunnlag av gjentakingsfare hadde komme med utsegner som låg nært opp til ei konstatering av skuld. Innvendinga førte ikkje fram, og lagdommaren var med på å dømme i saka.

Høgsterett la til grunn som sikker rett at ein dommar som tar ei avgjerd om fengsling etter straffeprosesslova § 171, ikkje ved dette aleine blir inhabil i den etterfølgande straffesaka. Men i denne saka hadde lagmannsretten ved vurderinga av om det låg føre gjentakingsfare, formulert seg som om det var eit faktum at den tiltalte var skuldig i det han var sikta for. I tillegg hadde lagmannsretten, på bakgrunn av siktinga, lagt til grunn at den sikta over lengre tid hadde vist at han mangla «sperrer mot å begå alvorlige straffbare handlinger overfor barn».

Etter ei samla vurdering av formuleringane i fengslingsorskurden meinte Høgsterett at lagmannsretten ved avgjerda hadde lagt seg så tett opp mot ei konstatering av skuld at lagdommaren var inhabil ved ei seinare ankeforhandling, jf. domstollova § 108. Lagmannsretten var da ikkje lovleg sett saman, og både dommen og ankeforhandlinga måtte opphevast, jf. straffeprosesslova §§ 343 andre ledd og 347.

Avgjerda gir rettleiing i korleis ein skal forstå domstollova § 108.

Les heile avgjerda