Bedriftsspionasje
Høgsteretts dom dom 25. juni 2019, HR-2019-1218-A, (sak nr. 19-027848STR-HRET)
A (advokat Brynjulf Risnes) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Håvard Ryengen)
Dommarar: Indreberg, Noer, Arntzen, Thyness, Lindsetmo
Ein tilsett i eit oljeserviceselskap blei dømd for å ha lasta ned store mengder bedriftssensitiv informasjon til to eksterne harddiskar. Mannen hadde som serviceingeniør i selskapet tilgang til dokumenta, men dei gjaldt eit prosjekt som han sjølv ikkje arbeidde med.
Høgsterett var einig med lagmannsretten i at han handla rettsstridig og kunne straffast for forholdet. Det blei mellom anna lagt vekt på at formålet med nedlastinga var personleg bruk, og at mannen forstod at arbeidsgivaren ikkje ville ha samtykt til nedlastinga om han hadde spurt.
Avgjerda gir rettleiing for tolkinga av føresegnene om bedriftsspionasje i straffelova, og særleg for korleis ein skal forstå vilkåret om at gjerningspersonen må ha handla «rettsstridig».