Straff for avliving av katt

Høgsteretts dom 28. august 2019, HR-2019-1645-A, (sak nr. 19-59656STR-HRET), straffesak, anke over dom: 

A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta (statsadvokat Vibeke Gjøslien Martins)

Dommarar: Endresen, Bull, Falch, Høgetveit Berg, Thyness

Tiltalte vart dømt til fengsel i 45 dagar, etter fråtrekk for tilståing. 

Tiltalte hadde avliva to kattar ved å knekke nakken på dei med hendene. Dette er ein ulovleg avlivingsmetode etter dyrevelferdslova. 

Høgsterett kom til at lovbrotet ikkje var «grovt». Ved vurderinga av grovheita kunne det ikkje leggjast vekt på at motivet til tiltalte var å hemne seg på sin fråskilte ektefelle.

Dommen gir rettleiing om straffenivået ved brot på dyrevelferdslova.

Les heile avgjerda