Straffutmåling ved mishandling i nære relasjonar

Høgsteretts dom 3. september 2019, HR-2019-1675-A, (sak nr. 19-59294STR-HRET), straffesak, anke over dom:

I.
Påtalemakta (førstestatsadvokat Arne Ingvald Dymbe) mot A (advokat Aasmund Olav Sandland)

II.
A (advokat Aasmund Olav Sandland) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Arne Ingvald Dymbe)

III.
A (advokat Aasmund Olav Sandland) mot B (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Matningsdal, Kallerud, Bergsjø, Ringnes, Steinsvik

Ei kvinne vart dømt til fengsel i tre år for ikkje å ha skaffa naudsynt helsehjelp til dottera som døydde av eteforstyrringar – anoreksi.

Jenta var 13 år då ho døydde 31. desember 2015, og ho var då svært avmagra. Jenta hadde i fleire månader budd i ei hytte på fjellet saman med mora, som hadde villeia myndigheitene om kor dei budde. Lagmannsretten fann bevist at dottera, seinast frå 15. november, var i ei hjelpelaus tilstand med alvorleg fare for liv og helse. I tida etter vart tilstanden hennar stadig meir kritisk, men domfelte lèt vere å skaffe naudsynt, og etter kvart livsnaudsynt, helsehjelp. Høgsterett kom til at dette var ramma av straffebodet mot mishandling i nære relasjonar, jf. straffelova § 282. Mishandlinga var grov fordi den hadde til følgje at dottera døydde, jf. straffelova § 283.

Ved straffutmålinga låg Høgsterett utslagsgivande vekt på dei sterke allmennpreventive omsyna som er knytt til å sikre barns rettsvern. Domfelte sitt ønskje var at dottera skulle bli frisk, og ho hadde i fire år hatt eineansvar for ei svært krevjande anorektisk dotter. Vegd opp mot omsynet til barns rettsvern kom desse formildande omstenda likevel i bakgrunnen. Det er ein sentral del av foreldreansvaret at foreldre ikkje skal akseptere skadelege val som barnet gjer. Ikkje minst gjeld det i eit tilfelle som dette, der ein står overfor val gjort av eit barn som var 13 år på dødstidspunktet, og som skuldast sjukdom hjå barnet.

Far til jenta vart tilkjend oppreisingserstatning med 125 000 kroner.

Dommen er den første frå Høgsterett som gjeld spørsmål om unnlating av å skaffe naudsynt helsehjelp kan rammast av straffebodet mot mishandling i nære relasjonar. Dommen gir vidare rettleiing om straffutmålinga i slike saker og tolkinga av skadeerstatningslova § 3-5 om oppreisingserstatning til etterlatne.

Les heile avgjerda