Trugslar mot stortingsrepresentant

Høgsteretts dom 17. oktober 2019, HR-2019-1922-A, (sak nr. 19-70106STR-HRET), straffesak, anke over dom. 

I.
A (advokat Brynjar Nielsen Meling) mot Påtalemakta (statsadvokat Fredrik G. Ranke)

II.
A (advokat Brynjar Nielsen Meling) mot B (advokat Halvard Helle)

 

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Kallerud, Ringnes, Steinsvik

Domfelte var i lagmannsretten dømt til fengsel i to år og tre månader for å ha truga ein stortingsrepresentant i ein videotale på YouTube. Trugslane var retta mot stortingsrepresentanten i kraft av rolla som stortingsrepresentant og innebar difor også eit angrep på verksemda til dei høgste statsorgana.

Anken frå domfelte knytt til lagmannsrettens forståing av innhaldet i videotalen førte ikkje fram. Høgsterett, som tolka utsegna som del av rettsbruken, kom til at videotalen inneheldt alvorlege trugslar om straffbare forhold, under dette trugslar om dødsstraff. Korkje den religiøse konteksten, eller domfeltes ytrings- og religionsfridom kunne føre til straffridom.

Høgsterett var einig med aktor i at riktig straff var fengsel i bortimot tre år, men sette likevel straffa til fengsel i to år og seks månader, som var i samsvar med aktors påstand.

Dommen gir rettleiing for bruken av straffeloven § 115 om angrep på verksemda til dei høgste statsorgana og § 263 om trugslar, samt for straffutmålinga i slike saker.

Les heile avgjerda