Straffansvar for passiv medverking til mishandling av barn
Høgsteretts dom 27. november 2019, HR-2019-2205-A, (sak nr. 19-113080STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Påtalemakta (statsadvokat Unni Sandøy)
Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Kallerud, Arntzen
Høgsterett kom samrøystes til at ein stefar var strafferettsleg ansvarleg som medverkar til ektefellens mishandling av tre barn.
Domfeltes ektefelle mishandla sine tre barn over ein periode på fleire månader etter at dei kom til Norge for familiegjenforeining. Domfelte gjorde nokre forsøk på å stanse mishandlinga, men ikkje tilstrekkeleg til å hindre at den heldt fram.
Høgsteretts fleirtall – tre dommarar – fastsette straffa til fengsel i tre år. To dommarar kom til at riktig straff burde vere fengsel i to år.
Dommen avgrensar og presiserer det strafferettslege ansvaret for passiv medverking ved mishandling av barn. Den fastlegg også straffenivået for denne type handlingar.