Straffansvar for oppbevaring av eksplosivar mv.

Høgsteretts dom 9. desember 2019, HR-2019-2297-A, (sak nr. 19-104967STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Fause)

Dommarar: Møse, Normann, Arntzen, Thyness, Sverdrup

Saka gjaldt langvarig oppbevaring av eksplosivar, utgangsstoff for eksplosivar og andre kjemikaliar.

Høgsterett kom til at forholdet til tiltalte var tilstrekkeleg alvorleg til at det fall inn under straffelova § 190 andre ledd og ikkje berre under føresegnene om straff i brann- og eksplosjonsvernlova, som kjem til bruk på mindre lovbrot. Forholdet vart likevel ikkje ramma av straffelova § 191, som kjem til bruk på dei mest alvorlege tilfella av ulovleg omgang med skytevåpen, eksplosivar og utgangsstoff for eksplosivar.

Straffa vart sett til fengsel utan vilkår i 30 dagar.

Saka presiserer grensedraginga mellom dei ulike føresegnene om straff som gjeld for brot på regelverket om våpen, eksplosivar mv. og gir rettleiing om straffutmålinga på dette området.

Les heile avgjerda