Fengsel i tre år og tre månader for nettovergrep mot eit barn
Høgsteretts dom 18. desember 2019, HR-2019-2385-A, (sak nr. 19-152272STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (statsadvokat Håvard Kalvåg)
Dommarar: Indreberg, Normann, Bull, Kallerud, Sverdrup
Saka gjaldt utmåling av straff for seksuelle overgrep gjort over internett mot ein ni og eit halvt år gammal jente.
Domfelte fekk kontakt med barnet over internett. Forholdet omfatta eitt tilfelle av forsøk på valdtekt til seksuell omgang og flere seksuelle krenkingar, blant anna fekk han ho til å sende nakenbilete av seg sjølv.
Dommen gir retningsliner for straffenivået for denne type handlingar.