Om frådrag i straffa for opphald i barnevernsinstitusjon

Høgsteretts dom 19. desember 2019, HR-2019-2390-A, (sak nr. 19-153038STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Jens Johannes Andenæs)

Dommarar: Øie, Webster, Noer, Bergh, Steinsvik

Domfelte, som var 16 ½ år på handlingstida, vart dømt til samfunnsstraff i 360 timar for medverking til to ran. I tida etter dei straffbare forholda var domfelte plassert i barnevernsinstitusjon i sju og ein halv månad med heimel i barnevernlova § 4-24.

Fylkesnemndas vedtak om tvangsplassering var grunngjeve i at domfelte over tid hadde vist alvorlige åtferdsvanskar. Dei straffbare forholda gjekk inn i grunngjevinga for dette.

Høgsterett kom til at opphaldet i barnevernsinstitusjon ikkje innebar fridomsrøving i tilknyting til straffesaka. Vilkåra for varetektsfrådrag i straffelova § 83 var difor ikkje innfridd. Institusjonsopphaldet vart likevel vektlagt ved den konkrete straffutmålinga og førte til eit skjønnsmessig frådrag på fire månader i den subsidiære fengselsstraffa.

Dommen klargjer vilkåra for varetektsfrådrag i straffelova § 83.

Les heile avgjerda