Overprøving av forvaltingsvedtak i straffesak

Høgsteretts dom 19. desember 2019, HR-2019-2400-A, (sak nr. 19-155186STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Indreberg, Webster, Kallerud. Bergsjø, Høgetveit Berg

Saka gjeld straff for brot på innreiseforbod etter utvising og reiser særleg spørsmål om domstolane si prøving i straffesaker av eit forvaltingsvedtak om innreiseforbod.

Dommen klargjer at når domstolane skal prøve gyldigheita av et forvaltingsvedtak prejudisielt i ei straffesak, skal prøvinga i hovudsak skje etter dei same prinsippa som ved prøvinga i ei sivil sak. Dommen gir også rettleiing for den nedre terskelen for utvising av EØS-borgarar utan varig opphaldsrett i Noreg.

Les heile avgjerda