Straffutmåling for grove truslar
Høgsteretts dom 4. mars 2019, HR-2019-440-A, (sak nr. 18-168736STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat Halvard Helle) mot B, C (advokat Odd-Rune Torstrup), Påtalemakta (kst. statsadvokat Asbjørn Eritsland)
Dommarar: Indreberg, Noer, Kallerud, Bergh og kst. dommer Lindsetmo
Høgsterett forkasta anken frå ein far som blei dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for grove truslar mot sonen og dottera. Familien kom opphavleg frå Syria i 2014, og mor til barna var død.
Under opphaldet i Noreg oppstod det eit alvorleg motsetningsforhold mellom faren og barna på grunn av krava far stilte til oppførselen deira. Desse krava var forankra i den religiøse og kulturelle bakgrunnen til den tiltalte, mellom anna oppfatningar om familieære. Han hadde i mai 2016 sett fram gjentatte drapstruslar mot begge barna, mellom anna trua han med å drepe sonen dersom han ikkje tok livet av søstera si.
Dottera var 16 år og sonen 19 da truslane blei sette fram. Barna oppfatta drapstruslane som reelle, og særleg dottera hadde pådratt seg store psykiske belastningar som følge av truslane. Den domfelte blei dømd til å betale oppreisningserstatning med 80 000 kroner til dottera og 60 000 kroner til sonen.
Saka har betydning for straffutmålinga ved grove truslar.