Aktlaus køyring i alpinbakke
Høgsteretts dom 12. mars 2019, HR-2019-497-A, (sak nr. 18-176486STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat Svein Kjetil Stallemo) mot Påtalemakta (statsadvokat Anders Mandal Funnemark), B (advokat Tom Sørum)
Dommarar: Indreberg, Normann, Falch, Berglund, Lindsetmo
Høgsterett forkasta anken frå ein gut som var dømd til fengsel på vilkår i 18 dagar for aktlaust å ha køyrt på og skadd ei jente i alpinbakken. Også anken over oppreisningserstatninga han var dømd til, blei forkasta.
Under eit skolearrangement i Gautefall skisenter køyrde ein 17 ½ år gammal gut på ei 10 år gammal jente. Ho blei alvorleg skadd og vil få varig mein. Ulykka skjedde fordi guten køyrde i svært stor fart over ein uoversiktleg hengkant og derfor ikkje klarte å svinge unna jenta som var i ferd med å køyre ned henget.
Høgsterett la til grunn at ein alpinist må køyre kontrollert og tilpasse køyringa til forholda slik at han/ho ikkje utset nokon for unødig risiko. Ikkje all uhensiktsmessig køyring eller køyring i høg fart vil vere uforsvarleg, men i dette tilfellet innebar høg fart og manglande sikt at køyringa var strafferettsleg aktlaus, jf. straffelova § 23.
Fleirtalet i lagmannsretten hadde derfor korrekt domfelt guten for aktlaust å ha påført jenta betydeleg skade, jf. straffelova § 280. Vidare hadde fleirtalet i lagmannsretten korrekt lagt til grunn at det låg føre grov aktløyse ifølge skadeerstatningslova § 3-5, slik at vilkåra for å tilkjenne oppreisning etter denne føresegna, saman med § 1-1, var oppfylte.
Dommen gir generell rettleiing for aktsemdsnorma ved skikøyring, både i strafferettsleg og erstatningsrettsleg samanheng.