Urettkommen bruk av kredittkortet til arbeidsgivaren er underslag
Høgsteretts dom 4. april 2019, HR-2019-676-A, (sak nr. 18-190271STR-HRET), straffesak, anke over dom:
A (advokat Per Danielsen) mot påtalemakta (statsadvokat Joakim Ziesler Berge)
Dommarar: Webster, Matheson, Ringnes, Berglund, Lindsetmo
Ein arbeidstakar brukte kredittkortet til selskapet til svært mange urettkomne innkjøp av varer og tenester til private formål. Etter kortavtalen med banken var selskapet forplikta til å betale for bruken av kortet, dvs. kreditten som var brukt. Kortet gav arbeidstakaren ein enkelt tilgang til likviditet, noko som innebar at ho hadde disposisjonsrett over pengar som var «betrodd ham». Forholdet blei derfor rekna som underslag og ikkje som utruskap.