Mishandling i nære relasjonar

Høgsteretts dom 28. mars 2019, HR-2019-621-A, (sak nr. 18-160032STR-HRET), straffesak, anke over dom:

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot påtalemakta (kst. statsadvokat Alf Anton Røst)

Dommarar: Webster, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg, Lindsetmo

Høgsterett oppheva lagmannsrettsdommen, der den tiltalte var domfelt for mishandling av ektefellen sin. Grunngivinga til Høgsterett var at handlingane ikkje kvalifiserer til mishandling, jf. straffelova 1902 § 219, no straffelova 2005 § 282.

Den tiltalte hadde i ein periode på fire månader vedvarande krenkt den thailandske ektefellen sin på fleire måtar, hovudsakleg i form av nedverdigande og dominerande oppførsel som inkluderte truslar som i seg sjølve ikkje er straffbare. Det var også eitt tilfelle av fysisk vald.

To dommarar dissenterte og kom til at forholdet kvalifiserte til straffbar mishandling.

Dommen gir rettleiing om den nedre grensa for straffbar mishandling i nære relasjonar.

Les heile avgjerda