Samfunnsstraff eller fengselsstraff for grov narkotikaovertredelse
Høgsteretts dom 27. juni 2019, HR-2019-1236-A, (sak nr. 19-058441STR-HRET)
A (advokat Lars Erik Skotvedt) mot Påtalemyndigheten (kst. statsadvokat Andreas M. A. Strand)
Dommarar: Webster, Matheson, Bull, Høgetveit Berg, Lindsetmo
Samfunnsstraff eller fengselsstraff for grovt narkotikalovbrot. Omsynet til barns beste
Høgsterett opprettheldt lagmannsrettsdommen på fengsel i to år, av dei eitt år på vilkår, for innførsel av 645 gram kokain, for ei kvinne med fem barn som ho hadde omsorga for aleine.
Kvinna var blitt tatt med 645 gram kokain på kroppen da ho gjekk i land frå Kiel-ferja i Oslo. Ho hadde eineomsorga for fem barn i alderen 15 år til 3 månader. Ifølge Høgsteretts praksis skal det ligge føre klare og sterke rehabiliteringsomsyn eller andre spesielle og tungtvegande grunnar for å dømme til samfunnsstraff framfor fengselsstraff. Det var klart at dei fem barna måtte plasserast hos fosterforeldre dersom mora måtte sone, og at det neppe ville vere mogleg å plassere alle fem i same fosterfamilie. Sidan saka involverte barn, gjaldt prinsippet som er nedfelt i Grunnlova § 104 andre ledd og barnekonvensjonen artikkel 3 om at omsynet til det barns beste skal vere eit grunnleggande omsyn – men altså ikkje nødvendigvis utslagsgivande. Høgsterett kom til at dei allmennpreventive omsyna i denne saka tilsa fengselsstraff framfor samfunnsstraff. Det blei lagt vekt på dei verkemidla Kriminalomsorga har for å gjere soninga til foreldre mindre belastande for barna, og eitt år av straffa på fengsel i to år var gjort til vilkårsstraff.
Dommen gir rettleiing om korleis omsynet til barns beste skal vegast opp mot andre omsyn ved straffutmåling.