Nye lovbrot mellom hovudforhandling og dom
Høgsteretts dom 8. mars 2019, HR-2019-486-A, (sak nr. 18-168707STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot Påtalemakta (statsadvokat Thorbjørn Klundseter)
Dommarar: Endresen, Matheson, Noer, Bergh, Høgetveit Berg
Saka gjaldt straffutmåling for køyring utan førarkort i eit tilfelle der køyringa skjedde etter ei hovudforhandling i tingretten, men før dom, i ei sak om tilsvarande lovbrot.
Hovudspørsmålet i saka var knytt til straffelova § 82 – om denne regelen kom i bruk når det nye lovbrotet vart gjort mellom hovudforhandling og dom i tidlegare sak. Høgsterett besvarte dette spørsmålet bekreftande.
Saka bidreg til å klargjere verkeområdet for straffelova § 82.