Oppreisningserstatning i sak om kikking inn i boliger

Høgsteretts dom 21. mars 2019, HR-2019-563-A, (sak nr. 18-162196STR-HRET), straffesak, anke over dom

I. A (advokat Øistein Storrvik) mot Påtalemakta (statsadvokat Kaia Strandjord)

II. B, C, D, E (advokat Jorunn Løvseth) mot A (advokat Øistein Storrvik)

Dommarar: Endresen, Matheson, Noer, Bergh, Sæbø

For dei fleste forholda kom Høgsterett til at handlingane den tiltalte hadde utført, ikkje blir ramma av dei straffeføresegnene som var brukte i tiltalen. Han blei derfor frifunnen. Domfellinga i lagmannsretten blei oppretthalden for eitt tilfelle av seksuelt krenkande åtferd utan samtykke. 

Den tiltalte hadde på sein kveldstid bevega seg rundt i bustadområde og kikka inn i vindauge, ofte gjennom gliper i gardiner og persienner. I nokre tilfelle hadde han filma eller fotografert unge kvinner inne i leilegheitene. Bevisvurderinga i lagmannsretten gjekk ut på at den tiltalte ikkje ønskte å bli oppdaga og forsøkte å halde seg skjult. Høgsterett kom ut frå det til at handlingane ikkje blir ramma av føresegnene i straffelova § 266 om omsynslaus åtferd, eller § 266 a om alvorleg personforfølging. 

Ved eitt tilfelle hadde han filma ei ung kvinne som berre var iført truse. Høgsterett fann at dette forholdet blir ramma av straffelova § 298 om seksuelt krenkande åtferd. Derimot kom Høgsterett til at filming og fotografering av fullt påkledde kvinner, i ein situasjon utan noka seksuell tilknyting, ikkje blir ramma av føresegna. Heller ikkje kikking frå ein alminneleg gangveg inn i ei leilegheit der ei kvinne berre iført t-skjorte og truse oppheldt seg, blei ramma. 

Høgsterett fann ikkje at det var grunnlag for oppreisningserstatning. 

Avgjerda avklarer rekkevidda for dei aktuelle straffeføresegnene. Høgsterett viste til at Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2018 sende ut eit høyringsnotat med forslag til lovendringar som kan få betydning for strafflegginga av handlingar av den typen som ligg føre i denne saka.

Les heile avgjerda