Passiv medverknad til mishandling i nære relasjonar

Høgsteretts dom 21. mars 2019, HR-2019-561-A, (sak nr. 18-173981STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta (statsadvokat Håvard Kalvåg)

Dommarar: Matningsdal, Bull, Bergsjø, Berglund, Sæbø

Med tre mot to stemmer forkasta Høgsterett anken frå ei kvinne som var dømd for å ha medverka til at ektefellen mishandla sonen sin. Ektemannen hadde halde fram med å mishandle sonen sjølv etter at han var under politietterforsking for mishandling av barna i familien, og etter at barnevernet hadde sett i verk ulike tiltak overfor familien for å hindre at mishandlinga heldt fram.

Kvinna hadde protestert og forsøkt å gå imellom, og ho hadde éin gong søkt hjelp hos ein ho kjende, utan resultat. Spørsmålet i saka var om ho kunne dømmast for passiv medverknad fordi ho ikkje hadde gjort meir for å stanse mishandlinga. 

Ein samla høgsterett la til grunn at når forsøk på avverjing av ei straffbar handling ikkje fører fram, kan ein person etter omstenda gjere seg skuldig i passiv medverknad dersom vedkommande ikkje prøver ein alternativ måte å avverje den straffbare handlinga på. Høgsterett delte seg i eit fleirtal og eit mindretal med omsyn til om det låg føre straffbar medverknad i denne saka.

Fleirtalet meinte at det gjorde det, gitt den spesielle forhistoria til saka og dei tiltaka som var sette inn overfor familien. Mindretalet meinte at sjølv om kvinna nok kunne klandrast for manglande omsorg, kunne ho ikkje dømmast for medverknad til mishandlinga. 

Avgjerda gir rettleiing om når unnlating kan reknast som passiv medverknad til ei straffbar handling.

Les heile avgjerda