Rettens plikt til å syte for at straffesaker blir fullstendig opplyst
Høgsteretts dom 24. oktober 2019, HR-2019-1967-A, (sak nr. 19-61667STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (konstituert statsadvokat Heidi Reinholdt-Østbye) mot A (advokat Arild Christian Dyngeland)
Dommarar: Indreberg, Møse, Webster, Thyness, Steinsvik
Tiltalen gjaldt valdtekt av ei kvinne som ikkje kunne motsette seg handlinga fordi ho sov. Tiltalte vart domfelt i tingretten, men frifunnen under dissens i lagmannsretten. Fleirtalet i lagmannsretten viste i grunngjevinga for frifinninga til at det ikkje var ført sakkunnig vitne som kunne ha forklart seg nærmare om blant anna kva slags slutningar som kunne trekkast frå DNA-bevis.
Høgsterett kom til at lagmannsretten skulle ha vedtatt å hente inn ytterlegare sakkunnigbevis då det etter avslutta ankeforhandling vart klart at slik bevisføring kunne bli avgjerande for utfallet i saka. Dette var ein saksbehandlingsfeil. Moglegheita for at feilen kunne ha verka inn på utfallet i saka, var så vidt nærliggjande at lagmannsrettens dom vart oppheva.
Saken kastar lys over kva som ligg i rettens plikt til å syte for at ei straffesak blir fullstendig opplyst.