Rettsbruk og straffutmåling for innsending av uriktige opplysningar til Brønnøysundregistra

Høgsteretts dom 26. september 2019, HR-2019-1788-A, (sak nr. 19-61738STR-HRET), straffesak, anke over dom. 

I.
A (advokat Morten Kjensli) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)

II.
Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen) mot A (advokat Morten Kjensli)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

Domfelte hadde sytt for at det i samordna meldingar til Føretaksregisteret og Einingsregisteret vart gitt uriktige opplysningar om kven som var styremedlemmar og dagleg leiar i seks aksjeselskap. Personane som vart registrert i desse posisjonane var reine stråpersonar. Det var vidare innsendt årsrekneskap som var underteikna av desse. 

Høgsterett kom til at dette er ramma av straffebodet mot falsk forklaring i straffelova 1902 § 166, alternativet å gi uriktige opplysningar til offentleg myndigheit når opplysninga er «bestemt til å avgi bevis». Ved tolkinga av føresegna uttalte Høgsterett at det er tilstrekkeleg for å vere omfatta av § 166 at opplysningane er meint å inngå som ein naturleg del av avgjerdsgrunnlaget for den offentlege myndigheita si utøving av oppgåver. 

Ved straffutmålinga viste Høgsterett til at det er av stor betyding for næringslivet og det offentlege at Føretaksregisteret og andre Brønnøysundregister, gir korrekte opplysningar. Allereie ei enkelt falsk registermelding bør difor i alminnelegheit føre til ei kort vilkårslaus straff. I denne saka dreidde det seg om 25 meldingar og rekneskapsinnsendingar for fleire selskap. Dette kvalifiserte etter Høgsterett sitt syn til fengsel i sju til åtte månadar. 

Det vart utmålt ei samla straff for ei rekke alvorlege lovbrot, blant anna meirverdibedrageri og trygdebedrageri, og straffa vart sett til fengsel i to år og ni månader. 

Dommen klargjer rettsbruken og straffutmålinga ved uriktig forklaring, som no blir regulert av straffelova § 221, ved uriktige meldingar til Brønnøysundregistra.

Les heile avgjerda