Samfunnsstraff ved grovt underslag
Høgsteretts dom 18. oktober 2019, HR-2019-1935-A, (sak nr. 19-78213STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (statsadvokat Kirsti Elisabeth Guttormsen) mot A (advokat Øystein Ola Storrvik)
Dommarar: Øie, Indreberg, Normann, Høgetveit Berg, Thyness
Domfelte hadde tileigna seg arbeidsgjevaren sine inntekter frå utleige av fast eigedom ved å endre kontonummer for kundens betaling til sin eigen private konto. Både tingretten og lagmannsretten dømte til samfunnsstraff i 240 timar, subsidiært fengsel i sju månader. Spørsmålet for Høgsterett var om samfunnsstraff kunne nyttast.
Det straffbare forholdet hadde sitt utspring i domfeltes økonomiske problem etter å ha tapt pengar på pengespel over internett. Det underslåtte beløpet var på 620 000 kroner og vart underslått over ein periode på seks månader. Domfelte hadde tilstått, betalt tilbake det underslåtte beløpet, fått kontroll over spelelidinga si og gjort ei rekkje konkrete endringar i livet for å unngå å bli freista til å spele. Høgsterett kom til at desse omstenda i dette tilfellet ikkje var tilstrekkelege til å idømme samfunnsstraff, men at lengden på fengselsstraffa burde settast til seks månader.
Avgjerda har betydning for bruk av samfunnsstraff ved grovt underslag.