Samordning av norsk og svensk straffedom

Høgsteretts orskurd 28. juni 2019, HR-2019-1261-A, (sak nr. 19-035777STR-HRET), straffesak, anke over orskurd:

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Anders Blix Gundersen)

Dommarar: Erik Møse, Bergljot Webster, Wenche Elizabeth Arntzen, Espen Bergh, Cecilie Østensen Berglund

Ein norsk statsborgar var dømd til 14 års fengsel i Noreg for grov narkotikakriminalitet. Etter tingrettsdommen gjorde han seg skuldig i alvorlege narkotikalovbrot i Sverige, som han der blei dømd til 10 års fengsel for. Begge dommane skal sonast i Noreg. Kravet frå den domfelte om samordning av dommane etter analogi frå straffeprosesslova § 49 blei avvist. Kravet var retta mot den første straffedommen, og det låg ikkje føre eit etterskotstilfelle etter straffelova § 82. Å opne for ei revurdering av den samla straffa i dette tilfellet ville stride mot føresetnadene for lova om fullbyrding av nordiske dommar og mot prinsippet om rettskraft.

Les heile avgjerda