Seksuelle overgrep mot barn gjort på internett og varetektsfrådrag for faktisk isolasjon
Høgsteretts dom 7. november 2019, HR-2019-2048-A, (sak nr. 19-070085STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Maria Hessen Jacobsen) mot Påtalemakta (statsadvokat Benedikte Høgseth)
Dommarar: Øie, Noer, Bull, Ringnes, Arntzen
Ein mann i 50-åra var i lagmannsretten dømt for seksuallovbrot mot barn, gjort på chattesider på internett. I likskap med lagmannsretten fann Høgsterett at oppfordringar til ein samtalepart om å onanere seg til sædavgang over sin eigen dotter si nakne rumpe må reknast som medverking til «seksuell omgang» etter straffelova 1902 § 195 første ledd, og ikkje som «seksuell handling» etter § 200. I tillegg til medverking til ei rekkje seksuelle overgrep mot samtalepartens to døtre i nærmare eitt år, gjaldt domfellinga nærmare to og eit halvt år med svært grove framstillingar av seksuelle overgrep mot barn, jf. straffelova 1902 § 204 a og straffelova 2005 § 311. Høgsterett stadfesta lagmannsrettens dom på sju års fengsel.
Høgsterett var også einig med lagmannsretten i at domfelte skulle bli få ekstra varetektsfrådrag for dei døgna han hadde vore utelukka frå fellesskap med medinnsette i 22 timar eller meir på grunn av bygnings- og ressursmessige forhold – såkalla faktisk isolasjon. Straffelova 2005 § 83 om at det skal gjerast éin dags frådrag for to døgns isolasjon, vart gitt analogisk bruk.
Dommen har betydning for forståinga av uttrykket «seksuell omgang» og for retten til varetektsfrådrag for faktisk isolasjon.