Spørsmål om ein kroppsskade skal straffast som grov
Høgsteretts dom 13. november 2019, HR-2019-2095-A, (sak nr. 19-110627STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Tor Børge Nordmo)
Dommarar: Matningsdal, Møse, Webster, Steinsvik, Sverdrup
Høgsterett kom til at skaden ikkje var grov, og at lagmannsrettens straff måtte settast noko ned.
Domfelte hadde slått den fornærma i hovudet med ei brennevinsflaske som knuste. Den fornærma fekk eit kutt i panna som måtte bli sydd med fire sting, og var uvel og sengeliggjande ei veke etter hendinga.
Dommen inneheld ei generell behandling av forholdet mellom straffelova § 273 og § 274 om kroppsskade, og bidreg til klargjering av grensa mellom kroppsskade og grov kroppsskade.