Spørsmål om lukka dørar under ankeforhandlingar i Høgsterett

Høgsteretts kjennelse og beslutning 20. mars 2019, HR-2019-568-A, (sak nr. 18-190497STR-HRET), straffesak, anke over kjennelse

A (advokat Jørn Terje Kristensen) mot Kriminalomsorgen region øst (kst. statsadvokat Andreas Strand)

Dommarar: Matningsdal, Bull, Bergsjø, Falch, Berglund

Den ankande parten kravde lukka dører i ei sak om korleis ein skal forstå vilkåra for soningsutsetting etter straffeprosesslova § 459. Kravet var grunngitt i at det ville bli gitt opplysningar om helsetilstanden til den ankande parten.

Høgsterett la til grunn at offentlege rettsmøte er eit grunnleggande prinsipp i norsk rettspleie, og at ein må vere sterkt tilbakehalden med å lukke dørene. Under behandlinga av dei generelle omgrepa i straffeprosesslova § 459 ville det ikkje vere nødvendig å komme inn på helsetilstanden til den ankande parten, og det var derfor ikkje grunnlag for å lukke dørene under forhandlingane sett under eitt.

Høgsterett la til grunn at domstollova § 125 første ledd bokstav b om omsynet til privatlivets fred tilsa at dørene blei lukka under lengre utgreiingar av omsyn til helsa til den ankande parten. Ved kortare tilvisingar til dokumenta var det tilstrekkeleg at prosessfullmektigen peikte på dei aktuelle avsnitta utan å lese dei opp i retten.

Det var derfor ikkje nødvendig å lukke dørene under desse delane av forhandlingane. Under tilvising til domstollova § 127 blei to personar gitt anledning til å følge alle delar av forhandlingane. 

Avgjerda gir rettleiing om korleis omsynet til offentlegheit skal balanserast mot omsynet til privatlivets fred.Les heile avgjerda