Straff for å ha med heroin å gjere
Høgsteretts dom 27. november 2019, HR-2019-2203-A, (sak nr. 19-102078STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Erik Ulvesæter) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Katharina Rise)
Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Kallerud, Arntzen
Ein mann vart dømt til fengsel i tre år og seks månader for å ha med til saman 136 gram heroin å gjere.
Hovudspørsmålet i saka var om straffa måtte reduserast som følgje av at vanleg heroin i dag har ein generelt lågare styrkegrad enn tidlegare. Høgsteretts praksis om straffutmålinga i heroinsaker er frå ein periode der vanleg styrkegrad for stoffet låg mellom 30 og 40 prosent. Vanleg styrkegrad i dag er derimot rundt 16–17 prosent. Høgsterett kom til at dette måtte føre til ei nedjustering av straffa med 10 prosent i saka her.
Dommen gir retningsliner for straffutmålinga for å ha med heroin å gjere.