Straff for drap ved filleristing av spedbarn

Høgsteretts dom 14. mars 2019,HR-2019-509-A, (sak nr. 18-175834STR-HRET), straffesak, anke over dom

I.  A (advokat Jon Anders Hasle) mot Påtalemakta (statsadvokat Tomasz Edsberg) II. Påtalemakta (statsadvokat Tomasz Edsberg) mot A (advokat Jon Anders Hasle

Dommarar: Indreberg, Normann, Bergsjø, Falch, Lindsetmo

Ein far blei dømd til fengsel i 12 år for å ha drepe sin 10 veker gamle son ved filleristing. Faren hadde også fillerista barnet ein gong tidlegare – før den dødelege ristinga. Det blei ved straffutmålinga gjort frådrag med eitt år for lang saksbehandlingstid. 

Anken over lovbruken og saksbehandlinga førte ikkje fram. 

Éin dommar dissenterte og meinte at straffa burde settast til fengsel i 13 år på grunn av alvoret i saka. 

Dommen gir rettleiing for korleis ein skal forstå skuldforma dolus eventualis og straffutmålinga ved domfelling for drap ved filleristing av spedbarn.

Les heile avgjerda