Straff for ulovleg bruk av au pairar mv.

Høgsteretts dom 27. mars 2019, HR-2019-599-A, (sak nr. 18-174004STR-HRET), straffesak, anke over dom 

A (advokat Halvard Helle), B (advokat John Christian Elden), C (advokat Thomas Horn) mot Påtalemakta (statsadvokat Johan Øverberg)

Dommarar: Matningsdal, Indreberg, Matheson, Noer, Lindsetmo 

Eit ektepar blei begge dømde til fengsel i 75 dagar for regelbrot i samband med tilsettinga og bruken av arbeidskrafta til fire filippinske kvinner med opphaldsløyve som au pairar. 

Ekteparet hadde gitt falske opplysningar til utlendingsforvaltninga i samband med at au pairane søkte om opphald i Noreg. Mellom anna gav dei ikkje beskjed om at familien – i strid med regelverket – skulle ha meir enn éin au pair om gongen.

Heller ikkje opplyste dei om at au pairane skulle arbeide fleire timar enn det som er tillate. Ekteparet blei også dømde for å ha gitt kvinnene hjelp til ulovleg opphald i landet og for å ha gjort seg nytte av arbeidskrafta deira utover det som er tillate. Høgsterett stadfesta rettsbruken til lagmannsretten. 

Eit vennepar av dei blei dømde til fengsel på vilkår i høvesvis 30 og 18 dagar. Ekteparet hadde gitt uriktige opplysningar til utlendingsforvaltninga, noko som gjorde at den andre familien kunne ha meir enn éin au pair om gongen.

Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå reglane om au pairar, for forholdet mellom straffeføresegner i særlov og straffelov, for ansvar for medverknad og for inndraging. 

Les heile avgjerda