Straffbart å ha med å gjere seksualisert barnedokke
Høgsteretts dom 10. september 2019, HR-2019-1715-A, (sak nr. 19-78768STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Hugo Henstein)
Dommarar: Indreberg, Møse, Østensen Berglund, Høgetveit Berg, Thyness
Saka reiste spørsmål om ei sexdokke er omfatta av straffelova § 311. Høgsterett kom til eit bekreftande svar.
Hausten 2016 låg Tollvesenet beslag på ei dokke som var kjøpt over internett. Påtalemakta reiste straffesak mot mannen som hadde forsøkt å importere dokka, fordi straffelova § 311 legg ned forbod mot å ha med å gjere framstillingar som seksualiserer barn.
Høgsterett meinte at dokka hadde anatomi og proporsjonar som eit barn, og at den var utforma med tanke på seksuelle føremål. Etter Høgsterett sitt syn var det ikkje tvilsamt at dokka innebar ei seksualisering av barn. Høgsterett meinte vidare at dokka var å rekne som ei «fremstilling» etter straffelova. Det vart lagt vekt på at uttrykket femnar vidt, og at det etter alminneleg språkbruk kan omfatte tekst, bilete, filmar og fleirdimensjonale framstillingar som gjenstandar, til dømes dokker. Ei slik forståing hadde støtte i lovforarbeida, der det gjekk fram at lovgjevar si intensjon var å utforme ei føresegn som skulle ramme breitt. Det fann ikkje stad omstende som tilsa at lovføresegna burde tolkast innskrenkande. Høgsterett konkluderte samrøystes med at straffelova § 311 rammar det å ha med å gjere sexdokker som framstiller mindreårige.
Saka gir rettleiing for forståinga av straffelova § 311.