Straffutmåling for forsøk på drap
Høgsteretts dom 10. april 2019, HR-2019-714-A, (sak nr. 19-004606STR-HRET), straffesak, anke over dom:
A (advokat Marius Oscar Dietrichson) mot påtalemakta (statsadvokat Kristian Jarland)
Dommarar: Indreberg, Bull, Kallerud, Bergh, Høgetveit Berg
Høgsterett fastsette, som lagmannsretten, straffa for forsøk på drap til fengsel i seks år.
Ein mann hadde utøvd vald overfor sin tidlegare sambuar og forsøkt å drepe henne ved å kaste henne ut frå ein balkong åtte meter over bakkenivå. Trass i at han på ulike vis forsøkte å få henne til å miste taket, klarte han det ikkje. Høgsterett gav uttrykk for at det var tale om svært alvorlege handlingar som lett kunne fått eit tragisk utfall.
Høgsterett uttalte at saker som gjeld forsøk på drap, kan ha svært forskjellig karakter. Det er dermed ikkje grunnlag for å angi noko normalstraffenivå for denne typen handlingar.