Straffutmåling ved brot på innreiseforbod etter utvising
Høgsteretts dom 6. november 2019, HR-2019-2044-A, (sak nr. 19-103805STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (konstituert statsadvokat Andreas Christiansen) mot A (advokat Arild Christian Dyngeland)
Dommarar: Møse, Matheson, Bergsjø, Thyness, Steinsvik
Ein 39 år gammal mann var i lagmannsretten dømt til fengsel i ni månader for brot på innreiseforbod etter utvising, jf. utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav e, jf. § 71 andre ledd.
Høgsterett tok utgangspunkt i dei klare utsegna i lovforarbeida om at normalstraffenivået for første brot på innreiseforbodet ikkje skal vere under fengsel i eitt år. Formildande omstende kan i ei viss utstrekning leggjast vekt på ved utmålinga, men høvet til å gå under normalstraffenivået er snevert.
Ved den konkrete vurderinga låg Høgsterett til grunn at korkje det aktverdige føremålet med innreisa, utvisingsgrunnlaget eller domfelte si tilknyting til bustadlandet ga tilstrekkeleg grunn til å vike frå normalstraffenivået. Straffa vart difor skjerpa til fengsel i eitt år.
Avgjerda klargjerer høvet til å vektleggje formildande omstende ved brot på innreiseforbod etter utvising.