Straffutmåling ved innførsel av ca. 29 kilo kat til Noreg
Høgsterettsdom 13. februar 2019, HR-2019-281-A, (sak nr. 18-163008STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat Hallvard Helle) mot påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte)
Dommarar: Matningsdal, Normann, Ringnes, Bergh, Sæbø
Høgsterett forkasta anken over lagmannsrettsdommen, der straffa for innførsel av cirka 29 kilo kat, som utgjer cirka 120 brukardosar, blei sett til fengsel i 18 dagar. Det var ikkje grunnlag for samfunnsstraff.
Eit hovudspørsmål i saka var kva som normalt bør vere den øvre grensa for å dømme til fengsel på vilkår ved innførsel av kat. I påtalepraksis og avgjerder frå ting- og lagmannsretten har det vore lagt til grunn ei øvre grense på 20 kilo, noko som tilsvarer 80 brukardosar. Ny kunnskap om kat viser at det er meir vanedannande enn ein tidlegare har trudd, og Høgsterett konkluderte med at det ikkje er grunnlag for å heve grensa.
Dommen gjer greie for stoffet kat og dei medisinske og sosiale skadeverknadene det har.