Straffutmåling ved kroppsskade

Høgsteretts dom 28. august 2019, HR-2019-1644-A, (sak nr. 19-66782STR-HRET), straffesak, anke over dom: 

A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (statsadvokat Oddbjørn Søreide)

Dommarar: Matningsdal, Kallerud, Bergsjø, Ringnes, Steinsvik

Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i eitt år og to månader, der fire månader vart gjort på vilkår. Høgsterett forkasta anken frå domfelte, men forlengde prøvetida frå to til tre år.

Saka gjaldt valdsbruk utanfor ein utestad i Stavanger i september 2017. Fornærma hadde blitt påført minst tre spark i tillegg til ei rekkje knyttneveslag medan han låg i fosterstilling på bakken. Han fekk ei kraftig hjerneristing og slit framleis med svimmelheit. Ved straffutmålinga låg Høgsterett blant anna vekt på at valden vart utøva at to menn i fellesskap, at fornærma var forsvarslaus og at domfelte fleire gonger tidlegare var dømt for vald.

Dommen gir rettleiing om straffutmåling ved kroppsskade og om skjerpande omstende etter straffelova §§ 77 og 79. 

Les heile avgjerda