Tiltale for drapsforsøk
Høgsteretts dom 28. juni 2019, HR-2019-1259-A, (sak nr. 19-017044STR-HRET)
Påtalemyndigheten (statsadvokat Geir Evanger) mot A (advokat Øyvind Bratlien), B (Bistandsadvokat: advokat Erik Ulvesæter)
Dommarar: Bull, Falch, Østensen Berglund, Lindsetmo
Påtalemakta hadde tatt ut tiltale for drapsforsøk, og lagmannsretten hadde frifunne den tiltalte fordi drapsforsett ikkje var bevist.
Høgsterett kom til at lagmannsretten skulle vurdert om det var grunnlag for i staden å dømme den tiltalte for forsøk på truslar. Retten ville i så fall ikkje gå utanom «det forholdet tiltalen gjelder», jf. straffeprosesslova § 38. Det var tale om å dømme den same handlinga under eit mildare straffebod som ikkje tar vare på vesentleg andre interesser.
Éin dommar dissenterte og meinte at den tiltalte i dette tilfellet ikkje kan dømmast for forsøk på truslar.
Dommen gir rettleiing om når den tiltalte kan dømmast for brot på eit anna straffebod enn det tiltalen gjeld.