Tolking av straffeføresegna i eksportkontrollova om uriktige opplysningar

Høgsteretts dom 13. mai 2019, HR-2019-900-A, (sak nr. 19-007393STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Bjørn Stordrange) mot påtalemakta (førstestatsadvokat Trude Stanghelle)

Dommarar: Øie, Endresen, Noer, Arntzen, Berglund

Ein tilsett i Forsvarets logistikkorganisasjon hadde vore ansvarleg saksbehandlar ved sal av sju fartøy til eit engelsk selskap. Fartøya blei demilitariserte i samband med salet og fell da ikkje inn under Utanriksdepartementet sine lister over lisenspliktige varer. Men også demilitariserte fartøy er lisenspliktige ved utførsel til militær bruk til område der det er krig eller krig truar, eller til land der det er borgarkrig. Etter avtale med departementet innhenta saksbehandlaren ei såkalla sluttbrukarerklæring frå den engelske kjøparen om at det var dette selskapet som også var sluttbrukar. Da han før utførselen blei klar over at eit nigeriansk selskap var den reelle kjøparen og sluttbrukaren av fartøya, unnlét han å gjere Utanriksdepartementet merksam på dette. 

Høgsterett fant at unnlatinga av å korrigere sluttbrukaropplysningane som var formidla tidlegare, fell inn under straffeføresegna i eksportkontrollova § 5 første ledd nr. 3, som rammar den som gir uriktige opplysningar til offentleg myndigheit i anledning utførsel eller søknad om løyve til utførsel. 

Les heile avgjerda