Kontraktshjelparansvar

Høgsteretts dom 27. mai 2020, HR-2020-1120-A, (sak nr. 19-151066SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Håvard Hansen Holdø) mot Alf Brekken og Sønner AS (advokat Trond Skogly)

Dommarar: Indreberg, Møse, Normann, Falch, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at hovudentreprenøren ikkje kunne haldast erstatningsansvarleg på grunnlag av det ulovfesta kontraktshjelparansvaret for skade som underentreprenøren aktlaust hadde påført eit anna objekt enn kontraktsgjenstanden.

Kystverket – byggherren – og Alf Brekken og Sønner AS – hovudentreprenøren – hadde inngått kontrakt om utbetringsarbeid på to frittliggande moloar utanfor Andenes hamn. Kontrakten var inngått på grunnlag av standardavtalen NS 8406. Hovudentreprenøren hadde leigd inn ein underentreprenør til å transportere steinmassar som skulle brukast i utbetringsarbeidet. Under slepet av lekteren med steinmassane frå hamna til ein av moloane blei eit seglingsmerke i indre hamn påført skade. Høgsterett fann det ikkje nødvendig å ta stilling til om NS 8406 inneheldt ei uttømmande regulering av kontraktsansvaret til hovudentreprenøren, da hovudentreprenøren i denne saka uansett ikkje kunne haldast erstatningsansvarleg overfor byggherren på grunnlag av det ulovfesta kontraktshjelparansvaret. Høgsterett viste til at rekkevidda av eit slikt ansvar må avgjerast etter ei konkret vurdering frå tilfelle til tilfelle, der dei momenta som her inngjekk i ansvarsvurderinga, vil ha betydning.

Dommen gir rettleiing for innhaldet av det ulovfesta kontraktshjelparansvaret.

Les heile avgjerda her