Lønnskrav i suspensjonstida

Høgsteretts dom 3. juni 2020, HR-2020-1157-A, (sak nr. 19-152288SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Øyvind Carelius Svendsen) mot X kommune (X kommune – Kommuneadvokaten v/advokat Anne Margrethe Wittussen)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Kallerud, Ringnes, Høgetveit Berg

Ei deltidstilsett kvinne fekk ikkje medhald i at berekningsgrunnlaget for kravet om lønn i den tida ho var suspendert frå stillinga, jf. arbeidsmiljølova § 15-13 tredje ledd, skulle omfatte lønn for ekstravakter ho tidlegare hadde påtatt seg.

Arbeidstakaren var tilsett som sjukepleiar i deltidsstilling. Før ho blei suspendert, påtok ho seg ofte ekstravakter. Ho fekk derfor jamleg utbetalt meir i månaden enn det som følgde av den avtalte arbeidsplikta. Den ekstra godtgjersla varierte frå månad til månad. I suspensjonstida fekk ho berre utbetalt den avtalte lønna, inkludert dei faste og variable tillegga som følgde stillinga.

Basert mellom anna på ordlyden i og forarbeida til lova kom Høgsterett til at ved fastsetting av «den lønn vedkommende hadde på suspensjonstidspunktet», jf. arbeidsmiljølova § 15-13 tredje ledd, er lønna etter arbeidsavtalen, med eventuelle seinare justeringar, utgangspunktet. Høgare lønnsutbetalingar fordi arbeidstakaren før suspensjonen hadde påtatt seg frivillige ekstravakter, inngår ikkje i berekningsgrunnlaget.

Arbeidstakaren var ikkje diskriminert fordi ho var deltidstilsett, eller på grunnlag av kjønn.

Avgjerda fastlegg korleis ein skal forstå arbeidsmiljølova § 15-13 tredje ledd om lønn i suspensjonstida. 

Les heile avgjerda her.