Tvungent psykisk helsevern ved alvorleg anoreksi
Høgsteretts dom 4. juni 2020, HR-2020-1167-A, (sak nr. 19-178082SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
A (advokat Fredrik Undheim) mot Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Henriette Lund Busch)
Dommarar: Øie, Falch, Bergh, Høgetveit Berg, Steinsvik
Høgsterett kom til at tvungent psykisk helsevern overfor ein pasient med alvorleg anoreksi måtte oppretthaldast.
Saka gjaldt ei 35 år gammal kvinne. Ho har hatt alvorleg anoreksi i over 20 år og har no vore underlagd tvungent psykisk helsevern i snart seks år. Høgsterett bygde på at planen hennar dersom det tvungne vernet opphøyrer, er å gå ytterlegare ned i vekt. Mellom anna ut frå forklaringa frå den rettsoppnemnde sakkunnige måtte det leggast til grunn at det i så fall vil vere ein nærliggande og alvorleg fare for at ho vil døy. På dette grunnlaget kom Høgsterett til at vilkåra for å vidareføre tvungent psykisk helsevern er oppfylte.
Saka reiste særleg spørsmål om korleis psykisk helsevernlova § 3-3 nr. 4 om manglande samtykkekompetanse som vilkår for tvangstiltak er å forstå. Det går fram av føresegna at dette vilkåret ikkje gjeld ved «nærliggende og alvorlig fare for eget liv». Fleirtalet i Høgstrett, fire dommarar, kom til at unntaksføresegna gjeld i alle tilfelle der det er fare for liv. Mindretalet meinte, særleg på grunnlag av lovforarbeida, at unntaksføresegna måtte tolkast innskrenkande og berre kan gjelde når det ligg føre sjølvmordsfare. Dommarane var einige om at kvinna uansett manglar samtykkekompetanse.