Oppbevaring og bruk av materiale innhenta ved kommunikasjonskontroll

Høgsteretts dom 17. juni 2020, HR-2020-1263-A, (sak nr. 20-000924SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Staten v/Justis- og beredskapsdepartement (Regjeringsadvokaten v/advokat Tolle Stabell)
mot A (advokat Jørn Terje Kristensen)

Dommarar: Møse, Noer, Bergsjø, Høgetveit Berg, Thyness

Saka gjaldt handtering av materiale innhenta ved kommunikasjonskontroll (telefonavlytting) etter at det ligg føre rettskraftig dom i straffesak.

Det var for det første spørsmål om materiale som var brukt som bevis for den dømmande retten, kunne utleverast til skatteetaten til bruk ved skattefastsettinga for den domfelte. Høgsterett kom til at bruken av materiale som var innhenta ved kommunikasjonskontroll, var avgrensa til dei formåla som følger av straffeprosesslova, og at dette innebar at slikt materiale ikkje kunne utleverast til bruk for skattefastsetting, sjølv om det hadde vore lagt fram for open rett i straffesaka.

Det var for det andre spørsmål om materiale som inngjekk i straffesaksdokumenta, og som var innhenta ved kommunikasjonskontroll, skulle slettast når det låg føre rettskraftig dom. Høgsterett kom til at når straffeprosesslova tillét bruk av materialet som bevis i straffesaka, måtte lova tolkast slik at materialet også kunne oppbevarast saman med straffesaksdokumenta til eventuell seinare bruk i samsvar med lova, typisk i tilfelle krav om gjenopning av saka.

Éin dommar kom til at spørsmåla om teieplikt og sletting av opplysningar som var brukte i open rett i straffesaka, ikkje er regulerte av straffeprosesslova §§ 216 i og 216 g, men av politiregisterlova. 

Les heile avgjerda her.