Meirverdiavgift – tidspunktet for vurderinga av næringskravet
Høgsteretts dom 14. september 2020, HR-2020-1777-A, (sak nr. 19-154777SIV-HRET)
ANG AS (advokat Torgeir Fjeldskaar) mot Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Asgeir Nygård)
Dommarar: Indreberg, Falkanger, Noer, Ringnes, Arntzen
Eitt av vilkåra for at ein aktivitet skal gi rett til å trekke frå inngåande meirverdiavgift etter meirverdiavgiftslova § 8-1, er at aktiviteten er eigna til å gå med overskot. Spørsmålet for Høgsterett var kva tidspunkt denne vurderinga skal ta utgangspunkt i.
Høgsterett avgjorde at vurderinga må ta utgangspunkt i tidspunktet for anskaffinga det er aktuelt å krevje frådrag for. Konkret gjaldt saka innkjøp og utleige av ein båt, og det var korrekt av myndigheitene å vurdere om denne aktiviteten var eigna til å gå med overskot, da båten blei anskaffa.