Barnevern. Ankenektelse i sak om tilbakeføring etter omsorgsovertaking

Høgsteretts orskurd 15. september 2020, HR-2020-1789-A, (sak nr. 20-053521SIV-HRET), sivil sak, anke over vedtak

A (advokat Kjetil Sørensen), B (advokat Victoria Holmen) mot X kommune (advokat Frode Lauareid)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

I ei sak om tilbakeføring av barn etter omsorgsovertaking hadde lagmannsretten ikkje gitt samtykke til behandling av anke over tingrettsdommen. 

Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten skulle ha gitt samtykke til behandling av ankane frå foreldra fordi det kunne innebere ei krenking av retten til familieliv i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 dersom tingrettsdommen blei ståande som det endelege resultatet i saka. Saka blei behandla i samanheng med sak HR-2020-1788-A.

Høgsterett tok utgangspunkt i storkammeravgjerda i HR-2020-661-S og uttalte at dei same utgangspunkta som det er gjort greie for i denne avgjerda, vil gjelde ved vurderinga av om ein skal gi ankeløyve i saker om tilbakeføring etter barnevernlova § 4-21.

Lagmannsretten må sjå til at avgjerda i tingretten bygger på eit tilstrekkeleg og oppdatert avgjerdsgrunnlag. Avgjerda av spørsmåla i saka må vere basert på ei balansert og tilstrekkeleg brei avveging av interessene til barnet og foreldra, og grunngivinga må vere tilstrekkeleg til å vise at relevante moment og interesser er vurderte og avvegne på ein fullgod måte. Den nærmare avveginga av kryssande omsyn må skje basert på utgangspunktet om at barn skal vekse opp hos sine biologiske foreldre, og vilkåra i § 4-21 må vurderast i lys av det overordna målet om gjenforeining.

I den konkrete saka kom Høgsterett til at grunngivinga i tingrettsdommen ikkje i tilstrekkeleg grad viste at retten hadde tatt utgangspunkt i at ei omsorgsovertaking skal vere mellombels, og at målet er at barnet skal gjenforeinast med foreldra sine. Betydninga av familiebanda mellom mor og barn var ikkje nærmare vurdert eller avvegen mot den tilknytinga barnet hadde opparbeidd til fosterheimen. Det var også svakheiter ved avgjerdsgrunnlaget til tingretten ved at retten ikkje hadde sørgd for ei oppdatert sakkunnig utgreiing av tilknytinga mellom barnet og mor. Svakheitene ved tingrettsdommen innebar tvil om retten til familieliv i EMK artikkel 8 ville bli teken vare på dersom dommen blei ståande, og lagmannsretten skulle derfor ha gitt samtykke til ankebehandling, jf. tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav c.

Avgjerda i lagmannsretten om ikkje å gi samtykke til ankebehandling blei på denne bakgrunnen oppheva.

Orskurden har betydning for vurderinga av når ein må gi samtykke til ankebehandling i saker om tilbakeføring etter barnevernlova § 4-21.

Les heile avgjerda her.