Skuldkrav for oppreisingserstatning ved seksuell omgang med barn under 16 år
Høgsteretts dom 17. september 2020, HR-2020-1798-A, (sak nr. 20-056588SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot B, C (advokat Steinar Jacob Thomassen)
Dommarar: Webster, Falch, Bergh, Høgetveit Berg, Thyness
Høgsterett kom til at det er eit vilkår for oppreisingserstatning at gjerningsmannen har opptredd forsettleg eller grovt aktlaust med omsyn til alderen til den fornærma.
Ein mann, som var 22 år på gjerningstidspunktet, var dømd til straff for seksuell omgang med to 14 år gamle jenter. I straffelova § 307 er det ei særleg føresegn om at ikkje å vite alderen til barnet ikkje fritar for straff dersom den tiltalte på noko punkt kan klandrast for å vere uvitande.
Spørsmålet i saka var om denne særlege regelen kan brukast også for krav om oppreisingserstatning. Høgsterett kom til at svaret på dette må bli nei. Det følger av ordlyden i skadeerstatningslova § 3-5 at oppreisingserstatning berre kan tilkjennast når det ligg føre forsett eller grov aktløyse. Det låg ikkje føre eit klart grunnlag i andre rettskjelder for å fråvike denne ordlyden.