Fast bustad for barn etter flytting – betydninga av ikkje å ha varsla flytting

Høgsteretts dom 24. september 2020, HR-2020-1843-A, (sak nr. 20-059574SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Morten Engesbak)

Dommarar: Møse, Noer, Bull, Østensen Berglund, Steinsvik

Høgsterett kom under dissens 3‒2 til at to barn framleis skulle ha fast bustad hos mor etter at mor hadde flytta med dei til heimbygda si på ein annan kant av landet. Det hadde lenge vore eit motsetningsforhold mellom foreldra og ueinigheit om omfanget av fars samvær med barna. Flyttinga skjedde som ein reaksjon på at far hadde kjøpt hus ved sida av huset til mor. Etter flyttinga utvida far eit søksmål han hadde reist om felles foreldreansvar og samvær, til også å gjelde eit krav om fast bustad for barna hos han.

Høgsterett kom til at mor ikkje hadde overhalde den varslingsplikta før flytting som er nedfelt i barnelova. Ein må forstå barnelova slik at brot på varslingsplikta ikkje kan føre til skifte av fast bustad med mindre det er til det beste for barnet ut frå ei konkret totalvurdering av forholda i saka. Det var dissens om utfallet av denne konkrete vurderinga i saka.

Dommen gir rettleiing om konsekvensane av brot på varslingsplikta etter barnelova, og meir generelt om avveginga av ulike omsyn når fast bustad skal fastsettast for barn med foreldre som ikkje bur saman. 

Les heile avgjerda her.