Ansvar for fleirtalsaksjeeigar i eit aksjeselskap

Høgsteretts dom 13. oktober 2020, HR-2020-1947-A, (sak nr. 20-005988SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Satoe Invest AS (advokat Yngve Andersen) mot Petter Arne Alvik, Skoledrift AS (advokat Christian Fredrik Galtung)

Dommarar: Indreberg, Webster, Noer, Falch, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at fleirtalsaksjeeigaren hadde brote ei ulovfesta lojalitetsplikt, og at det var ansvarsgrunnlag etter aksjelova § 17-1. Kravet mot dagleg leiar førte ikkje fram.

Morselskapet hadde, saman med andre konsernselskap, tatt avgjerder som til saman førte til at verksemda i eitt av konsernselskapa blei overførte til eit anna. Det blei ikkje betalt vederlag for overføringa av verksemda. Fleirtalet i Høgsterett, tre dommarar, fann indikasjonar på at dette strider mot prinsippet i aksjelova § 3-9. Handlingane til morselskapet, sett i lys av dei samla disposisjonane i konsernet, førte til at morselskapet ikkje hadde overhalde ulovfesta lojalitetsforpliktingar overfor minoritetsaksjonæren. Dissens 3–2.

Avgjerda slår samrøystes fast at det finst lojalitetsforpliktingar mellom aksjeeigarar som går lenger enn føresegnene i aksjelova. Avgjerda viser at lojaliteten ved handlingane til eit selskap må vurderast i lys av handlingane til andre konsernselskap. 

Les heile avgjerda her.