Barnevern – regulering av kontakt på telefon og over nett

Høgsteretts dom 15. oktober 2020, HR-2020-1967-A, (sak nr. 20-052939SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A, B (advokat Bente Mostad Tjugum) mot X kommune (Kommuneadvokaten i X v/advokat Trine Christin Riiber), C (advokat Steinar Jacob Thomassen)

Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Bergh, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at barnevernlova gir heimel for å regulere omfanget av kontakt på telefon og på sosiale medium mv. mellom ein gut som var plassert i fosterheim, og den biologiske familien hans.

Guten, som var 11 år, hadde vakse opp hos grandtanta si og hadde hatt lite kontakt med dei biologiske foreldra sine. I tråd med det som var blitt resultatet i tidlegare instansar, sette Høgsterett grenser for den samla kontakten mellom guten og familien. Det omfatta også at familien ikkje fekk sende lyd-, bilete- og tekstmeldingar til guten.

Éin dommar dissenterte. Ho var einig med fleirtalet i dei rettslege utgangspunkta, men kom til at det ikkje burde settast grenser for grandtanta og faren når det gjaldt å kontakte guten på telefon, Skype og liknande.

Dommen gir rettleiing for fastsettinga av samla samvær i barnevernssaker, mellom anna reguleringa av kontakt over telefon og nett.

Les heile avgjerda her.