Overprøving av ankenekt i barnevernssak

Høgsteretts orskurd 15. oktober 2020, HR-2020-1968-A, (sak nr. 20-066246SIV-HRET), sivil sak, anke over vedtak

A (advokat Thomas Horn) mot X kommune (X kommune v/advokat Anette Olsen)

Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Bergh, Høgetveit Berg

Overprøving av ankenekt i barnevernssak – tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav c.

Avgjerda i lagmannsretten om å nekte anken over avgrensingar i samvær og telefonkontakt blei oppheva.

Ei mor med ein alvorleg arveleg sjukdom var blitt fråtatt omsorga for ei dotter, som på domstidspunktet var nesten 14 år. Både mora og dottera ønskte å ha overnattingssamvær, at samværa skulle vere utan tilsyn, og at mora skulle kunne ringe dottera fritt. Høgsterett fann at grunngivinga i tingretten ikkje var tilstrekkeleg til å vise at EMK artikkel 8 ikkje var krenkt ved dei fastsette avgrensingane i kontakten mellom mor og dotter.

Orskurden bidrar til avklaring av grunngivingskrava i barnevernssaker.

Les heile avgjerda her.