Spørsmål om arbeidsgivaren har erverva ei oppfinning av arbeidstakaren
Høgsteretts dom 22. oktober 2020, HR-2020-2017-A, (sak nr. 20-030257SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
A (advokat Sverre Lilleng) mot Staten v/Universitetet i Oslo (Regjeringsadvokaten v/advokat Stein-Erik Jahr Dahl)
Dommarar: Indreberg, Webster, Falkanger, Falch, Høgetveit Berg
Arbeidstakaren – ein doktorgradsstipendiat – vann ikkje fram med kravet om at arbeidsgivaren – Universitetet i Oslo – hadde erverva retten til ei oppfinning stipendiaten hadde gjort. Stipendiaten har da ikkje krav på rimeleg godtgjering etter arbeidstakaroppfinningslova § 7.
Lagmannsretten hadde komme til at stipendiaten var medoppfinnar til ei oppfinning som eit svensk selskap seinare fekk patent på. Ein av rettleiarane til stipendiaten på universitetet hadde bistått det svenske selskapet med søknaden, noko stipendiaten ikkje var kjend med. Universitetet hadde ikkje gitt skriftleg underretning til stipendiaten om å overta retten til oppfinninga, slik arbeidstakaroppfinningslova § 6 gir høve til.
Spørsmålet for Høgsterett var derfor om universitetet hadde erverva retten «på annet grunnlag», jf. § 7, og da først og fremst gjennom den bistanden rettleiaren hadde gitt patentsøkaren.
Høgsterett kom til at slikt erverv i tilfelle krev ein avtale mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren. Arbeidsgivaren sine einsidige disposisjonar over oppfinninga kan danne grunnlag for eit krav frå arbeidstakaren om godtgjering, men forpliktar ikkje arbeidstakaren til å gi frå seg retten. Høgsterett kom til at det ikkje var inngått nokon avtale, heller ikkje stilltiande. Mellom anna kunne ikkje rettleiaren disponere over oppfinningar på vegner av universitetet.
Saka klargjer innhaldet i arbeidstakaroppfinningslova § 7.